Når

27/03/2021    
11:00 - 16:00

Hvor

Herøy gard
Herøy kystmuseum, Tjørvåg, 6070, Møre og Romsdal

Event Type

Kart utilgjengelig

Vert med oss på tur med Sunnmørsjekta Anna Olava tur/retur Herøy palmelaurdag (27.mars!)

Praktisk info/program:
Frammøte på Herøy gard og omvisning klokka 11.00.
Pilegrimsliturgi på den gamle kyrkjestaden klokka 12.00.
Fylgje går ombord i jekta klokka 13.00 og fyl leia til Borgarøya, Håkonsholmen og Ulstein. Dei som ynskjer det, kan avslutte turen i Ulsteinvik. Jekta er tilbake på Herøy ca klokka 16.00.
Pris kl 480,- per pers inkluderer:
* transport med jekta frå Herøy gard til Ulsteinvik, med retur til Herøy
* omvisning på Herøy gard
* pilegrimsliturgi på den gamle kyrkjestaden leia av vikarprest Solfrid Leinebø Seljås
* pilegrimspass
* formidling undervegs i leia
Tillegg valfritt (pilegrimslunsjpakke kr 100).
Båten er ein replika av ei Sunnmørsjekt frå 1700 – 1800 talet. Jekta er ein open båt og reisande må ha kle, sko og utstyr som toler ver og vind. Ta gjerne med varm drikke. Du kan velge å bestille pilegrimslunsjpakke, som blir utlevert undervegs. Jekta har plass til 12 gjestar og turen passar best for pilegrimar og historieinteresserte vaksne.
Arrangøren tek atterhald om gjennomføring av turen knytt til veret.
Påmeldingsfrist 22.mars
Kontaktinfo:
Hovedkontakt nøkkelstad Herøy: Eileen Gjerde 95456945
Prosjektleder Kystpilegrimsleia Møre og Romsdal og Trøndelag: Audhild Mork 95025286
Vite meir om Kystpilegrimsleia og nøkkelstader? Sjå pilegrimsleden.no