Kart utilgjengelig

Dato/tid
Date(s) - 19/06/2021 - 27/06/2021
00:00

Sted
Kinn Hotell Florø

Kategorier


Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia!

Nytt av året er at vandringa fylgjer ei litt anna rute enn tidlegare, der det er mindre asfalt, meir terreng, og mykje meir fritt utsyn over land og hav. Ein dag er det avstikkar til fjellplatået Vestkapp på Stadlandet.

Slik korona-situasjonen er pr februar, set vi no tak på 10 deltakarar i tillegg til tre leiarar. Dersom vandringa må avlysast av smittevern-grunnar, gjev vi beskjed seinast fyrste veka i juni. Starten er Kinnaspelet på Kinn, dersom det vert arrangert i år.

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå opp til 24 km pr dag i varierande terreng.

Pris: kr 8000. Av desse kr 1000 så snart som råd, og 7000 eit par veker før vandringa. Betaling til konto 3790.15.18433 til Sunnivaleia v/Kari Leine Balog.

Vandreleiarar: Olav Mæland og Jorund Levorstad. Prest kjem i tillegg.

Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare prostiprest i Nordfjord. Tlf 975 43 466,  kl-balog@online.no

Mot Kinnaklova

Mot Kinnaklova

Dagsplan

Dag 0. Laurdag 19. juni
Frammøte på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.
Ein kan koma til Kinn søndag morgon om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast kvelden i førevegen.
Overnatting på Kinn hotell i Florø.

Vakre Smørhamn Handelstad

Vakre Smørhamn Handelstad

Dag 1. Søndag 20. juni
Florø- Kinn – Florø – Smørhamn.
Båt til Kinn – Kinnaspelet – tur rundt øya – retur til Florø.
Vidare med ekspressbåt til Smørhamn og overnatting på Smørhamn handelsstad. Dersom Kinnaspelet er avlyst, vert det ein langt fredelegare dag på den vakre øya Kinn. Sjå elles www.kinnaspelet.no

Dag 2. Måndag 21. juni
Smørhamn – Rydland – avstikkar til Grotlesanden – Hauge. Ca 22 km.
Overnatting på Havly.

Utsyn mot Vågsøy

Utsyn mot Vågsøy langs Sunnivaleia

Dag 3. Tysdag 22. juni
Hauge – Oldeide – Måløy – Fjordly. 16 km til Oldeide.
Vandring til Oldeide. Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy. Bilskyss/ båtskyss/ buss til Fjordly på Totland. Overnatting på Fjordly. 

Dag 4. Onsdag 23. juni
Totland – Rimstaddalen – Berstad/Selje. 18 km. Bilskyss til Ervik. Overnatting i Ervik.

Dag 5. Torsdag 24. juni
Roleg dag i Ervik. Til Hovden, Ervik kyrkje, Vestkapp. Om kvelden: samling i Ervik kyrkje for bygdefolk og pilegrimar. Overnatting i Ervik.

Sunnivahelleren

Sunnivahelleren

Dag 6. Fredag 25. juni
Ervik – Leikanger, ev Drage. Vandring på fjellet på Stadlandet. Overnatting på Leikanger, ev. Drage.

Dag 7. Laurdag 26. juni
Leikanger (Drage) – Dragseidet – Selje. Den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liseth. Middag og overnatting i Selje.

Dag 8. Søndag 27. juni
Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Vandringa er slutt.

Ekspressbåt går fra Selje til Bergen kl 1510.

……………………………………………..

Korleis koma til Florø
Det er flyplass i Florø, trafikkert av Widerøe.
Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av Nettbuss.
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.
Hurtigruta har stopp i Florø.

Korleis koma frå Selje
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.20. Laurdag berre kl 06.50.

Det er to bussavgangar dagleg frå Måløy til Oslo, nattbuss og dagbuss. Det må organiserast køyring frå Selje til næraste stopp. Det let seg ordna.

…………………………………………………………………..

Andre opplysningar
Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.
Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig.
Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.
Nivå på overnatting: Etablerte overnattingsstader. Ha med sovepose. På dei fleste stader kan ein få oppreidd seng mot tillegg i prisen.

Kvar har med: Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert. Sko til terreng og sko til asfalt. Plaster. Insektsvern.  Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Vaskepulver til handvask, klesklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk. Gode vindtette turklede. Gjerne hatt. Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd. Bagasjen vert frakta.

Viktig!
Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.