Når

22/07/2023    
09:30 - 22:00

Hvor

Middelaldermuseet
Borgundgavlen 21, Ålesund, 6015, Møre og Romsdal

Event Type

Kart utilgjengelig

Bli med på eit pilegrimsseglas i Olav Haraldsson sitt kjølvatn.

Kystpilegrimstur frå Middelaldermuseet i Ålesund til Valldal med vikingskipet Borgundknarren. Inkludert omvising på Middelaldermuseet, tur med Borgundknarren frå Ålesund til Valldal, forteljing med omvisar undervegs, lunsj om bord og omvising i Valldal.

Kr. 1 800 pr. person

NB! Påmeldingsfrist 23. juni. Gjennomføring av turen forutsett minimum 10 personar. Endeleg stadfesting 27. juni vert sendt pr. e-post til dei påmeldte.

Dersom nokon vil fortsette Valldalsleden til fots, er det sjølvsagt høve til det. Da må pilegrimane sjølve gjere førebuingane til dette, med tanke på utstyr og planlegging.

Det er også mogleg å melde seg på guida tur over høgfjellet gjennom Reinheimen nasjonalpark via Tjønnebu og Vakkerstøylen 24.-26. juli.

Du kan og bli med Borgundknarren på returen til Ålesund søndag 23. juli. Bestill eigen billett for retur. Kr. 950 pr. person, inkludert enkel lunsj. Avgang Valldal kl. 12.00

Mer informasjon og påmelding