Røldalsspelet Den Lange Vegen er ein moderne musikal om pilegrimsvandringane til Røldal og det undergjerande krusifikset i stavkyrkja, i åra 1230 til 1835. Historia handlar om funksjonshemma Haldis som veks opp på ein gard i Vinje. For å ikkje vera ein byrde for far sin og dei andre på garden, vel ho å gå den lange vegen til Røldal for å få helbreding. På vegen treff ho andre som er i same ærend, men med forskjellige historiar. Bak dei lurar og prosten som vil ha slutt på desse ugudelege handlingane.
Ta turen for å sjå mirakelet i Røldal med fantastiske omgjevnader ved Røldalsvatnet. Du vil oppleve ei sterk historie med spel og musikk frå både profesjonelle- og amatørskodespelarar, samt nokon av dei beste musikarane Noreg har å by på.