Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landdslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum for Seljumannamesse i 2024.
Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten M/S Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.
Du kan vere med på etappar eller heile helga.