Kart utilgjengelig

Dato/tid
Date(s) - 02/07/2022
09:00 - 19:00

Sted
Stad hotell

Kategorier


Velkommen til ei innhaldsrik helg på Stadt og på Selja!

Hovudtalar Ray Simpson er ein engelsk prest med bakgrunn i den anglikanske kyrkje. Han er forfatter av over 40 bøker om keltisk spiriualitet. Ray er ein av grunnleggjarane av den økumeniske og internasjonale Aidan- og Hildakommuniteten (Community of Aidan and Hilda, www.anamcara.no). I over 20 år budde Ray på Englands heilage øy Lindisfarne der han har teke imot mange pilegrimar frå Noreg.

Påmelding til konferansen på Stad hotell innan 22. juni

LAURDAG
Kl. 09 00  Keltisk morgonbøn i Leikanger kyrkje med Ray Simpson og Michael Wohlenberg

Kl. 10.00  Keltisk pilegrimskonferanse på Stad hotell. Foredragshaldar Ray Simpson.
Lunsj kl 13. 30.
Pris for konferansen:  kr 500,- . Fakturering i etterkant.
Påmeldingsfrist: 22. juni. Avbud etter denne dato vert fakturert.

Kl. 15.30  Møte på Filadelfia Stadlandet. Raymond Larsen fortel om keltiske helgenar.
Gratis inngang

Kl. 18.00  Konsert i Selje kyrkje
Billettpris Kr. 250,- Billettsal ved inngangen
Barn under 12 år gratis

SUNDAG
kl. 12.00  Seljumannamessa på Selja

Båttransport frå Selje sentrum
For rutetider og priser, gå inn på https://www.xn--klosterbten-48a.no/