Vi legg opp til ei reise frå Selje til Smøla i forkant av Kystpilegrimskonferansen på Smøla 10 og 11.september!
Du kan delta på heile eller deler av reisa, eller rett og slett berre delta på din nøkkelstad!
I forkant av Kystpilegrimskonferansen 10 og 11.september vert du invitert på ei ferd frå Selje til Smøla. Ferda er i regi Smøla pilegrimssenter, men i tett samarbeid med Selje pilegrimssenter og dei 6 nøkkelstadane i Møre og Romsdal. Herøy, Giske, Borgund, Veøya, Kvernes og Edøy. Dei som melder seg på her, er dei som skal vere med på ei overnatting/middag eller fleire. Det er også fullt mulig for lokalbefolkinga og møte opp og delta berre på «sin» nøkkelstad, og arrangementet som er der.