Kart utilgjengelig

Dato/tid
Date(s) - 12/07/2021 - 14/07/2021
07:45 - 14:00

Sted
Fosnavåg konserthus

Kategorier


Vi fylgjer segn og spor etter Heilag Olav og hans menn frå han heldt råd ved Herøy til dei gjekk i land i Valldal omkring 1027. Ferda går med Sunnmørsjekta «Anna Olava» frå nøkkelstaden Herøy gamle kyrkjestad, gjennom storslått kyst- og fjordlandskap inn Storfjorden til Valldal.

Pris kr 5 900 per person inkluderer:

    • Transport med Sunnmørsjekta
    • Pilegrimspass
    • Omvising ved pilegrimsmåla Herøy, Giske, Borgund og Valldal
    • Kulturformidling i leia etter Heilag Olav undervegs på reisa
      Pilegrimsformidling ved sokneprest Solfrid Leinebø Seljås undervegs på reisa
    • Vandring: Sandvika til Røneset (5 km)
      Vandring: Frå fjorden og opp til fjellgarden Ytste Skotet (ca. 30 min)
    • Overnatting: Borg sommarhotell i seng på dobbeltrom*
      Overnatting: Ytste Skotet i eigen sovepose
    • Frukost, lunsj (matpakke) og middag
    • Kaffi og te ombord

 

*Enkeltromstillegg

Program og påmelding